Av Rogne skule si skuleavis: Håvard Bie Pettersen (7.kl.), Even Fjelltun (5.kl), Tirill Bakke Vestheim (5.kl.)

Grønn Megafon har fått logo. Vinnaren av logokonkurransen kjem frå 5. klasse på Rogne Skule i Øystre Slidre. Han heiter Oskar Hoffmann og er veldig opptatt av miljøet.

Alexander Meyer som starta Grønn Megafon, kom overraskande på besøk til 5.klassse på Rogne Skule fredag 24.01. Han kunne fortelje at logokonkurransen hadde fått ein vinner frå Rogne skule. Han sa at det var mange fine bidrag til logoar, men at det var ein som var spesielt bra. Han viste frem nettsida til klassen og viste frem den nye logoen der. Han spurte om det var nokon som kjente igjen teikninga si. Oskar så veldig overraska ut då han kikte på tavla. Han tykte at logoen likna mykje på teikninga han hadde laga.

Vi intervjua Oskar etter at han hadde fått vite at han hadde vunnet:

Kva føler du no, Oskar?

Eg er stolt. Eg hadde ikkje trudd eg skulle vinne, men eg håpa det sjølvsagt!

Kva tenkte du da du laga denne logoen?

Eg tenkte det skulle være enkelt.

Kva tenker du om Grønn Megafon?

Eg tenker det er fint. Eg synst det er ein god idé. Der kan vi legge ut artiklar om miljø.

 

Vi spurte også Alexander Meyer om kva som fekk han til å lage Grønn Megafon:

“Eg vil gje elevane ei stemme i forhold til eit tema som er heilt avgjerande i forhold til deira framtid. Eg trur at skulen kan bidra til mykje positiv endring for miljøet.”

 

Slik ser den nye logoen ut:Grønn megafon - logo