Bagn skule har valt plastmonster

Bagn skule hadde lyst til å vere med på prosjektet med plastmonsteret. Vi plukka søppel på forskjellige plasser før snøen
kom.

Elevrådet inviterte til teiknekonkurranse om korleis plastmonsteret skulle sjå ut. Det var frivillig å vere med i konkurransen. Elevrådet skulle bestemme kven som vann. Dei trakk vinnaren av konkurransen i februar. Vi hadde to teikningar av plastmonster frå kvar klasse.

Ingrid Dølven med vinnerteikninga

Vinnaren vart Ingrid Dølven frå klassa vår. Det var eit gult monster med ei lang tunge. Ho vann fordi dette plastmonsteret var kreativt og at det gjekk an å lage. Det hadde mange delar slik at kvar klasse kunne lage kvar sin kroppsdel. Elevrådet synest at det likna på eit monster, at det var fargerikt og at det hadde ei morosam tunge.

Framover må vi plukke meir plast for å få nok. Vi skal lage det ferdig før sommarferien.

 

 

Skrive av femte klasse, Bagn skule